Sveio kommune - skulestruktur - inndeling i aksar.

Såvidt eg har fått med meg så har fleirtalet av politikarane uttalt at at det skal vara levande bygder i heile kommunen, det undrar meg derfor kvifor posisjonspolitikarane gir inntrykk av å signalisera at dei vil leggja ned skular og redusera skuletilbudet i Valestrand, Auklandshamn og Vikse.

Folk i dei berørte bygdene engasjerar seg sterkt i skulesaka og det går inn på folk at posisjonen gir inntrykk av å leggja ned velfungerande skular i bygdene der elev-grunnlaget er stabilt og jamnt stigande. Som eit døme kan ein nemna at omlag 40 % av elevane i Valestrand er born av tilflyttarar som ikkje har noko direkte tilknytnad til staden, noko som tydlig forklarar at folk vil busetja seg på stader der det er lett tilkomst til arbeid både på Stord og i Haugalandsområdet.

Når administrasjonen i kommunen går inn og ser på folketal nå og framover så får ein ikkje med seg slike tilflyttingar og difor vert dei kommunale modellane aldri rette fordi dei ikkje fangar opp slik flytting.

AP, FRP og dei uavhengige har gått ut media og fortald at dei ikkje har noko meining om skulestruktur meir enn at dei ville venta på administrasjonen si meining.

Ein tafatt holdning meinar eg, men signala deira kjem fram.

Det er småpenger å spara på å leggja ned skular slik som desse signaliserar at dei ynskjer, og pengar som vart spart på å leggja ned ein skule var tatt med til den nye skulen elevane er tenkt plasserte i.

Sveio kommune har hyrt inn Telemarksforskinng for å sjå på skulestrukturen i kommunen og resultatet derifrå er eit forslag om å sterkt redusera skuletilbudet i Vikse og Auklandshamn og leggja ned Valestrand skule.

Detta forslaget har då posisjonspolitikarane i Sveio tatt til sitt bryst og signalisert at slik vil me ha det. Vurderinga som posisjonen gjer her er tatt på sviktande grunnlag, for Telemarksforskning sitt forslag er meint som eit supplement til skulebruksplanen for Sveio kommune. Men Sveio kommune har ikkje noko skulebruksplan.

Kan ein forventa at skulebruksplanen kjem ?

Så gjer Sveio kommune eit stort poeng av at skulane treng store oppgraderingar og vedlikehold og det er rett.

I fleire år har kommunen svikta totalt med vedlikehald på skulane og resultatet ser me nå. Det trengs ei oppgardering, men ein treng ikkje ta alt med ein gong.

Kan ein kanskje her nemna at posisjonen viser sviktande vurderingsevne i sine vurderingar ?

Skulen er både skule og forsamlingsstad i bygda.

Eg er overtydd at dei fleste innbyggjarane i Sveio vil at ein skal satsa på alle skulane i kommunen slik at folk og spesielt ungdommane som bur i kommunen får det forutsigbart.

Det er ekstremt viktig å satsa på born, ungdom og dei i etableringsfasen og detta får ein til nettopp med å ha skular i nærmiljøet. For skulebygget er og i tillegg til skule ein samlingsstad for både små og store.

Så har Sveio kommune eit badelandprosjekt på gong i sentrum som krever mykje pengar og her snakkar me om store summar. Men er det detta posisjonspartia er så desperate etter å få i gong at dei vil leggja ned skular og rasera velfungerande bygder?

Å byggja eit slikt anlegg krev store driftskostnadar etter at det er sett opp og komen i drift.

Kommunen får ein liten støtte frå staten når bygget er ferdigstilt, men fyrst må kommunen betala alt sjølv og alle årlege driftskostnadar må kommunen dekka sjølv.

Stord har eit badeanlegg, Haugesund har eit og Tysvær er snart ferdig med si oppgardering av eksisterande anlegg og alle desse anlegga fungerar glimrande der avstanden til vår kommune er veldig kort.

Det må ein livlig fantasi til for å tru at det skal koma mykje folk derfrå til Sveio.

Når me fyrst er inne på basseng så er det sikkert fleire enn eg som huksar då bassenget på Sveio skule var stengt grunna pengemangel til driftskostnader.

Ei pussig uttaling frå AP er at dei ser på Sveio som ein distriktskommune utan sentrum, men ein sentrumsplan for Sveio har dei laga til.

Er det då slik å forstå at det er laga til ein plan for ting som ikkje eksisterar ?

I all min naivitet så trudde eg at eit sentrum slik som Sveio var at der kommunehuset var så kalle ein det sentrum og i Sveio har vel dei fleste fått med seg at det er kommunehus, fleire butikkar, verksemder, skule, pleieheim og til og med ein bank.

For dei som hugsar tilbake til forrige århundre så kalla me det for Sveio sentrum då det var kommunehus, bakeri og ein butikk.

Leiaren i AP har i eit lesarinnlegg fortalt at det er lagt opp ein plan for å dela kommunen inn i aksar og i fyrste omgong er det nemnt ein akse som er Sveio sentrum - Førde.

Denna aksen skriv AP leiaren at skal styrkast.

Når ein skal styrka ein stad så må ein ta bort ein anna stad og kor skal AP då ta bort ?

Det er ikkje nemnt kor dei andre aksane skal gå og kva tid skal AP fortelja innbyggjarane kor dei andre aksane er tenkt plassert ?

Er det då AP sin plan å meir eller mindre leggja ned skular og byggja ned aktivitane i dei andre bygdene for å få pengar nok til aksen Sveio sentrun - Førde ?

I eit forsøk på å få fleire innbyggjarar til Sveio har AP, FRP og dei uavhengige gått ut med planer om å redusera formue skatt og eigedomsskatt.

Men me som bur i Sveio må få lov til å undrast over utspelet. For kva glede har me av redusert formueskatt og redusert eigedomskatt når skulane våre vert lagt ned og små born ned i seks-årsalderen må fraktast med buss til næraste skule i omlag to timar kvar dag ?

Å ha flammande innlegg frå talarstolen om å ha levande bygder kan kven som helst gjera. Det betyr lite for det er korleis ein handlar som betyr noko.

Oppretthald skulestrukturen slik som den er i dag i kommunen så får ein levande bygder.

Bruk den lokale butikken, bruk lokale handvarkarar og lokale entrepenørar så får ein levande bygder.

Jon Arne Valen

Valevåg