Skip to content

Arne Garborg - Garborgheimen Traditional Cache

Hidden : 1/25/2011
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Related Web Page

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Arne Garborg - Garborgheimen




I dag, den 25. januar 2011, er det 160 år siden Arne Garborg ble født.

Garborgheimen


Garborgheimen er eit klassisk og vakkert midtgangs-jærhus frå 1848. Det freda huset var diktaren Arne Garborg sin fødestad og barndomsheim. Huset er eit godt døme på den lokale byggeskikken, og er innreidd med gjenstandar frå siste halvdel av 1800-talet. På buakammerset står den kjende "blå kista hennar mor". Huset gir eit godt inntrykk av levemåten på den tida Garborg voks opp, og innsikt i den kulturelle og sosiale bakgrunnen for diktinga hans. Ein "kjenner att" huset i fleire av jærverka til Garborg, m.a. i hovudverket Fred (1892).

Arne Garborg (1851 - 1924)


Aadne Garborg vart fødd 25. januar 1851 og var eldste son på ein velhalden gard i Time på Jæren. Men han var ikkje interessert i å ta over garden. Han ville heller skriva. Allereie etter at han vart konfirmert starta han og nokre vener å gi ut handskrivne blad i nærmiljøet.

I 1867/68 fekk Aadne jobb som lærar i Riskakvervo. Hausten 1868 kom han inn på lærarskulen i Holt ved Tvedestrand og flytte dit. Mens han gjekk der tok far hans sitt eige liv. Dette var ei hending som Arne bebreidde seg sjølv og som prega han gjennom heile livet. Etter lærarskule jobba Aadne fleire år som lærar. Han starta og opp eit lærarskuleblad og avisa Tvedestrandsposten. Si første bok Smaa-stubber ga han ut under pseudonymet Alf Buestreng i 1873. Same året reiste han til Kristiania for å ”studera eller døy”.

I Kristiania kom Aadne i direkte kontakt med landets intellektuelle og politiske miljø. Det var og her han vart kjent med Hulda. Han skreiv artiklar til avisene heile tida og fekk rykte på seg å vera eit redaktøremne. Student Garborg fekk i 1875 løyve av det offentlege til å kalla seg Arne Garborg. På denne tida lærte han seg nynorsk ved å byggja ut sin eigen dialekt med hjelp av rettskrivinga til Ivar Aasen, og den nasjonale reisingstanken byrja å bli utforma i hovudet hans. Saman med Rasmus Steinsvik starta han etter kvart det nynorske bladet Fedraheimen. I Kristiania ga han i 1881 ut si første bok i eige namn: Ein Fritenkjar. Fleire bøker følgde. Han tok opp tidsaktuelle, betente tema i samfunnet i det han skreiv, både skjønnlitterært og gjennom artiklar, og han vart ei viktig røyst i samtida sin offentlege debatt. Samtidig verka det han skreiv om skremmande på dei som styrte. I 1887 mista han jobben som riksrevisor på grunn av romanen Mannfolk.

Då han mista jobben flytta han til Kolbotn i Tynset, saman med Hulda. Her vart dei buande i ni år, gifte seg og fekk ein son. Arne skreiv fleire av sine sentrale verk på Kolbotn. I desse åra vart han også meir og meir radikal og snuste mellom anna på anarkismen. Saman med Rasmus Steinsvik starta han målbladet Den 17de Mai. Arne etter kvart ein slags guru for yngre litteratar frå inn- og utland, og somme av dei drog opp i fjellet for å vitja han. Han knytte og kontakt med fleire av dei fremste biletkunstnarane i samtida. Om vintrane drog Arne og Hulda ofte på lengre reiser til utlandet.

Livet på Kolbotn var vanskeleg, ikkje minst fordi det låg så langt unna allfarveg. Sonen, Tuften, skulle byrja på skulen og i 1896 flytta dei. Først til Stokke i Vestfold og så vidare til Labråten i Asker. Men Arne sakna Jæren. Han kjøpte eit jordstykke ovanfor Undheim på Jæren, og fekk oppført ei diktarhytte her. Hit drog han fleire somrar for å skrive. I 1898 fekk han fast årleg inntekt i form av statsløn.

Dei siste 20 åra av livet sitt la diktaren Arne ned dei skjønnlitterære ambisjonane sine og fokuserte i større grad på avisinnlegg og artikkel- og dagbokskriving. Han engasjerte seg meir og meir i amerikanaren Henry George si tenking om jordlæra og brukte også tid på å omsetja klassisk litteratur: Goethe, Holberg, Moliere, Shakespeare, Rama-kvædet og Homer. Samstundes grubla han over religiøse spørsmål.

Arne Garborg sto høgt i folk sitt medvit i samtida. Då han vart 70 år mottok han ei gåve på om lag 100 000 kroner frå det norske folk – pengar han nytta til å støtta fattige unge kollegaer.

15. januar 1924 døydde han etter å ha vore sjuk ei tid. Han vart kremert og vart gravlagt i Trefoldighetskirken i Oslo for statens rekning. Hulda skriv: ”70 kransar vart paalagd med varme og gode ord og 400 brev og telegram kom til meg”. I juni same året vart oska hans flytta og hauglagt i hagen utanfor Knudaheio.

Kjelde: Tor Obrestad sine biografiar Arne Garborg: ein biografi (1991) og Hulda (1992)

(www.garborg.no)



English

Garborgheimen


Garborgheimen is a classic and beautiful mid-time farmhouse from 1848. The house was writer Arne Garborgs birthplace and childhood home. The house is a good example of the local building tradition, and is furnished with objects from the latter half of the 1800s. On "buakammerset" is the famous "blå kista hennar mor" (mothers blue coffin). The house provides a good impression of the way of life at the time Garborg grew up, and insight into the cultural and social background to his writing. A "recognition" of the house can be found in several of Garborgs work, for example in the main work Fred (1892).

Arne Garborg (1851 - 1924)


Aadne Garborg was born 25 January 1851 and was the eldest son of a well kept farm in Time for Jæren. But he was not interested in taking over the farm. He would rather write. Already after he was confirmed he and some friends started to give out hand-written magazines in the community.

In 1867/68 Aadne got a job as a teacher in Riskakvervo. In the autumn of 1868 he entered the school (to become a teacher) in Holt at Tvedestrand and moved there. While he went there his father took his own life. This was an event as Arne blamed himself and that he was influenced by throughout his entire life. After school Aadne worked several years as a teacher. He started up a teacher-school magazine and the newspaper Tvedestrandsposten. His first book «Smaa-stubbers» he published under the pen name of Alf Buestreng in 1873. The same year he went to Christiania to "study or die."

In Kristiania Aadne came in direct contact with the country's intellectual and political environment. It was also where he came ti know Hulda. He wrote articles for newspapers all the time and had the reputation of being an editor topic. The student Garborg received in 1875 permits from the public to call himself by the name of Arne Garborg. At that time he learned new-norwegian by build out their own dialect with the help of the writings of Ivar Aasen. Together with Rasmus Steinsvik he eventually started the magazine Fedraheimen. In Christiania in 1881, he gave out his first book in its own name: «En Fritenkjar» (a freethinker). Several books followed. He took up the time in question, inflamed theme of community in what he wrote, both literary and through articles, and he became an important voice in his contemporary public debate. At the same time it seemed what he wrote about was frightening for those who ruled. In 1887 he lost his job as an auditor because of the novel «Mannfolk» (Men).

When he lost his job he moved to Kolbotn in Tynset, together with Hulda. Here they lived nine years, got married and had a son. Arne wrote several of his key works in Kolbotn. During these years he also became increasingly radical and sniffed on anarchism, among other things. Together with Rasmus Steinsvik he started the magazine «17de Mai» (17th May). Arne eventually became a kind of guru for younger writers from home and abroad, and some of them went up the mountain to visit him. He also associated and got in contact with several of the foremost artists. In winters, Arne and Hulda often went on long trips abroad.

Life at Kolbotn was hard, not just because it layed so far off the beaten track. Their son, Tuften, were enrolled at the school and in 1896 they moved. First to Stokke in Vestfold and so on to Labråten in Asker. But Arne missed Jæren. He bought a piece of land above Undheim on Jæren and buildt a poet-cottage here. Here he went several summers to write. In 1898 he received regular annual income in the form of salary from the state.

The final 20 years of his life, the writer Arne laid down fiction and focused more and more on newspaper articles and article- and journal writing. He began more and more involved in the thinking of the american Henry George, about the earth and spent time on translating classical literature: Goethe, Holberg, Moliere, Shakespeare, Rama-poem and Homer. At the same time he pondered over religious issues.

Arne Garborg stood high in people's awareness of contemporary. When he was 70 years, he received a gift of about 100 000 kroner from the Norwegian people - money he used to support poor young colleagues.

January 15th 1924 he died after having been ill for some time. He was cremated and was buried at Trinity Church in Oslo for the State's expense. Hulda wrote: "70 wreaths was laid on with warm and good words and 400 letters and telegrams came to me." In June the same year his ashes were moved and buried in the garden outside Knudaheio.

Source: Tor Obrestad's biographies Arne Garborg: a biography (1991) and Hulda (1992)

(www.garborg.no)


Additional Hints (Decrypt)

V fgrvatwreqr, onx ra benafwr fgrva, søefgr rgnfwr Fgbar jnyy, oruvaq na benatr fgbar, svefg sybbe

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)