Det var sagt under eit digitalt beredskaps- og informasjonsmøte som Statsforvaltaren i Innlandet var vert for måndag ettermiddag, og der alle kommunane i fylket var representert.

Vågå kommune er spesielt uroa over vassføringa i elva Finna som renn gjennom kommunesenteret. Årsaka til varselet om mogleg evakuering er knytt til faren for det som kan skje med lokale vassdrag viss nedbøren blir ekstrem.

På heimesida til kommunen blir det vist til at fleire bekkar og vassdrag kan komme til å gå utover sine bredder. Difor vert alle bede om på ta bort eller sikre alt som er i nærleiken av vassdrag. «I tillegg ber vi alle vere merksame på tilstopping av stikkrenner og liknande og ber om at alle gjer ein innsats for å halde vassvegar opne. Det som ventar oss neste døgna kan bli svært krevjande, og det kan kome nye meldingar frå Vågå kommune om situasjonen og eventuelle ytterlegare tiltak», heiter det.

Kommunedirektør i Vågå, Odd Erik Sveen, seier til GD at klokka 19 måndag har Vågå kommune innkalla til informasjonsmøte for innbyggjarane som bur i den delen av Vågåmo som kan vere mest utsett for flaum og etterfølgjande evakuering. Dei har sendt ut omkring 200 SMS-varslar med invitasjon til møtet.

Det er spesielt i den delen av Vågåmo der Finna renn ut og faren for flaum og evakuering er aktuelt.

– Ved 18-tida er vasstanden framleis så låg at det ikkje er akuttfare for at elva skal gå over sine breidder, seier kommunedirektøren.

– Finst det stadar i Vågå kor det også er fare for jordskred i bratte fjellsider, slik som i Vistdalen i Molde nyleg?

– Ikkje så vidt vi har oversyn over..

Skade på vegar

Fleire bussar i Ottadalen er kansellert. Mellom anna gjeld det ruta inn mot Leirvassbu.

Ved 16.30-tida måndag hadde det gått jordskred over to fylkesvegar i Innlandet, på Østre Toten og i Sør-Aurdal. Etter møtet gjekk det eit skred over fylkesveg 257 i Heidal. Dessutan har det rasa ut under Overrovegen i Snertingdal.

Under eit ettermiddagsmøte som statsforvaltar Knut Storberget hadde kalla inn til klokka 16 måndag, sa samferdslesjef i Innlandet fylkeskommune, Auds Margrethe Riseng, at det er fare for skred eller stenging av fleire fylkesvegar. Ho trakk spesielt fram strekka mellom Forset og Bødal i Vestre Gausdal og nemnde at det i mellom anna Ringsaker finst eit heilt nettverk av fylkesvegar, mange med grusdekke.

Håvard Gangsås, kommunedirektør i Ringebu, uttrykte uro for at Gudbrandsdalslågen skal gå over sine breidder gjennom kommunen, og spesielt faren for flaum og stengd E6 på Fåvang. Han sa at han ikkje er like uroleg for sidevassdrag som for sjølve Lågen og etterlyste ein plan for å avlaste E6 om han ikkje lenger skulle vere trygg eller farbar.

Seksjonssjef i Stats vegvesen, Asbjørn Stensrud, sa på si side at han førebels ikkje er uroleg for E6 gjennom Gudbrandsdalen.

Kraftigaste på 25 år

Under møtet blei det konkludert med at områda vest for Mjøsa så langt har fått det kraftigaste regnet. I GD sitt nærområde har det regna hardast i Sjodalen. På det meste har det komme så mykje som 78 mm i timen.

Paul Christen Røhr i NVE sa at regnet som blei varsla, og som har komme fleire stader i Innlandet, er det kraftigaste dei siste 25 åra.

– Heller ikkje har vi sett eit slikt ver over eit så stort geografisk område før.

Han nemnde spesielt Skjåk og Lesja som utsette kommunar for nedbøren som er venta i løpet av måndag kveld og natt til tysdag når den nye bølga med kraftig regn kjem.

– Likevel er det framleis uvisst kva for område som får dei kraftigaste bygene. Ut frå det vi så langt ser, skal intensiteten bli lågare tysdag kveld og mot onsdag.

På møtet blei det presisert at sjølv om det mange stader har slutta å regna, og at nedbøren kjem og forsvinn, er det framleis høg farevarsel for flaum, skred og skadar på jernbane, veg, bygnader og annan infrastruktur i Innlandet.