Ha respekt for namnet Siljustøl!

Byggefirmaet Webu sin framferd kan samanliknast med plagiat.

Ingen privat utbyggar har krav på arven etter Harald Sæverud, meiner Oddvar Skre.
  • Fana
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Like aust for eigedomen til komponisten Harald Sæverud går det føre seg for tida ei storstilt bustadbygging i regi av byggefirmaet Webu AS. Her skal det koma 200 familievennlege leilegheiter på ein del av garden Rå si innmark, som kallast Grønestølen.

Det som er spesielt med denne utbygginga, er at Webu har valt å kalla bustadfeltet «Nedre Siljustøl», utan å ha spurt eigaren av Siljustøl om samtykke. No er det i seg sjølv ikkje noko som forbyr utbyggarar å nytta lokale stadnamn som namn på bustadfelt. Men i dette tilfelle dreier det seg ikkje om eit vanleg stadnamn, men om namnet på ein privat eigedom, nemleg kunstnarheimen til Harald Sæverud.

I mine auge er dette så grovt at det kan sidestillast med brot på åndsverklova, som forbyr å plagiera åndsverk skapt av andre eller å gje dei ut for sine eigne.

Motivet er tydelegvis å tena pengar på namnet Siljustøl, i staden for å nøya seg med det meir kvardagslege namnet Grønestølen, som ikkje ville ha «selt» like godt. Webu har også fått tilbod om å bruka namnet på eit av Sæverud sine verk, slik som sjukeheimen Siljuslåtten har gjort, men Webu har avslått dette.

Det er nærliggande å trekka ein parallell til ein annan kjent komponist i Fana, nemleg Edvard Grieg. Det ville nok vekt oppsikt om nokon hadde funne på å kalla eit byggefelt på Hop for «Nedre Troldhaugen».

Siljustøl er ikkje berre eit stadnamn, det er namnet på kunstnarheimen til Harald Sæverud.

Både Harald Sæverud og Edvard Grieg er komponistar i nasjonalt og internasjonalt format, dei er heile folket sin eigedom, som ingen privat utbyggar har krav på eigarskap til. Ein får berre håpa at namnet «Nedre Siljustøl» berre er mellombels og ikkje vil bli ståande som eit permanent namn på denne tidlegare slåtteteigen.

I tillegg til verdien Siljustøl har som kultursentrum, er den 176 mål store naturparken rundt no blitt den største og viktigaste grøne friområdet nord for Flyplassvegen mellom Rådalen og Flesland, etter alle utbyggingane i området rundt. Det vil difor i framtida få uvurderleg verdi for dei 15-20.000 menneska som bur i området, og dette er Harald Sæverud si forteneste.

Ein måte å setja pris på dette, er å ha såpass respekt for namnet Siljustøl og komponisten at ein ikkje fell for freistinga til å gjera pengar på det.

La oss difor slå ring om Siljustøl!

Publisert: