Misjonsbilete

Det første satelittarrangementet til Fartein Valen-festivalen 2015, vert arrangert 12.februar i Valestrand kulturkyrkje. Johanne Tvedten frå Sunnhordland Museum og musikklektor Fred Ola Bjørnstad framfører Misjonsbilete. Denne forestillinga gjev publikum glimt frå misjonsprest Arne Valen og kona hans, Dorthea, si tid som misjonærar i Madagaskar.

Familien til komponisten hadde eit lengre opphald som misjonærar i Madagaskar. Misjonsprest Arne Valen reiste hit første gang i 1874. Kona, Dorthea Mortensen, kom ned to år seinare for å gifta seg med Arne. Dei mista den førstefødde dottera si under dette opphaldet. Men seinare kom Magnhild til og ho var med under dette opphaldet. Då dei reiste ut igjen andre gang, måtte ho vera igjen for å gå på skule i Stavanger. Solbakken var internat for skulebarna. I den andre perioden frå 1889, reiste dei to barna, Sigrid og Fartein, med foreldra ut til Madagaskar. Opphaldet her gjorde varige inntrykk også på komponisten. Dessutan var arbeidet Arne og Dorthea Valen gjorde, av stor verdi i seg sjølv. Formidlinga av misjonsarbeidet har sin eigenverdi, men i tillegg vart komponisten påverka både musikalsk og menneskeleg av barneåra i eit framandt land med sitt eige språk, natur og kultur. Det er truleg slik at Fartein fekk gassisk som sitt andre morsmål. Det førte også til at det gassiske vart ein integrert del av personlegdomen hans.

Misjonsliv

Kva får ein ung mann til å reise ut til stammefolket på Vest-Madagaskar og starte opp eit misjonsarbeid som slett ikkje var tilrettelagt på førehand? Kva får ei ung kvinne til å forlate familien sin i Norge, slå seg ilag med denne misjonæren, og leve og arbeide i eit krevjande klima ilag med gassarane i Fianarantsoa?  Forteljeframsyninga gir oss eit glimt inn i deira  arbeidssame men også gjevande kvardag, og etter kvart må dei ta vanskelege val: Dei eldste døtrene blir plasserte på internatskulen «Solbakken» i Stavanger, langt borte frå veslebroren Fartein og sine to foreldre. Men det går ikkje mange år før familien igjen er foreina i Stavanger.

 

Forestillinga byggjer på Kolbein Espeseth si bok» Eitt liv – mange soger», og Johanne Øvstebø Tvedten fortel heile livssoga til Arne og Dorthea. Fred Ola les frå brev og dagbøker skrive på Madagaskar, og syng salmar som dei to misjonærane var svært glade i. Ole Jørgen Furdal akkompagnerer nokre av dei på orgel/piano.

 


2010 IMG_0308 DSC_3756

 

 

Arrangementet vert avslutta med kveldsmat i kyrkja. Hjarteleg velkomne!

 

Valestrand%20kyrkje%202